
Om oss
Styreleiar: Laila Indrebø 90 11 15 58
Kasserar : Anne Grete Breisnes 97 51 12 08
Skrivar. : Anne-Britt Hasselquist 47 35 08 96
_______________________________
Vara : Siri Kaland
Vara : Olaug Marie Sætre
Revisor : Mariann Olstad
Nettansvarleg: Katrine Hasselquist
-
Epost: paviljongen-au@outlook.com
-
Organisasjonsnr: 915 130 240
-
Kontonr: 3637.25.60716
-
Besøks adresse: Åråsvågen 3 ,
5943 AUSTRHEIM -
Fakturaadr: c/o Anne Grete Breisnes, Kvalvågen 49, 5943 AUSTRHEIM
KUNSTHUSET AUSTRHEIM
feirar 20 -års jubileum i 2025.
I 2005 vart gamle kommunehuset teke i bruk som atelier for kunstnarar. Dette vart snart svært populert og i 2012 vart Kunsthuset Austrheim etablert som forening, av Tove Veidung og Anne Jakobsen.
Dette året tel me 19 medlemar, men me har plass til langt fleire. I tillegg til medlemane er der 10-12 brukarar av vevstova. Fem medlemmer har verkstad / lokale i huset, resten har utstillingsplass og er aktive deltakarar i fellesskapet.
Av aktivitetar kan ein nemne at me jevnt og trutt har hatt separatutstillingar frå eigne medlemar, stått for gjestutstilling av kunstnarar frå andre regionar, arrangert fagkveldar og sosiale samvær.
Me har vore aktive i høve skule og tebod til både unge og vaksne i form av kurs og tilrettelagt vegleing. Bl.a. med flyktningar. Mange påmeldte grupper har besøkt spesielt vevstova, med foredrag og omvisning av Anne Grete Breisnes; som Nordhordland Husflidslag, Voss Husflidslag, Vestlandske Folkekunstlag m.fl. Kunsthuset Austrheim har vore vertskap for «Haustutstillinga» stoppeplass på «Kunstrunden» i Nordhordland i fleire år.
Tove Veidung var initiativtakar og pådrivar for bygging av «bruskulptur» utanfor kommunehuset.
Me var arrangør av «kunstvandring» frå kyrkja til Kunsthuset, der skulpturar var utplasserte langs løypa. Og gennom åra er det vorte mange kulturarrangement, konsertar og føredrag på kveldstid med gjesteunderhaldarar, Stand-up komikarar og andre skrønemakarar.
